• broken image

    Funksjonell Hjernetrening

    Hjernen er plastisk, og har stor emne til omstilling. Hjernetrening er "multitasking", vi trener oppgåver både for tanke og kropp.

     

    Det handlar om tankesett og mentale strategiar, om korleis vi kan trene på å kunne kontrollere merksemda og oppleve at vi vert betre til å gjera det vi ynskjer.

     

    Har du eit energiunderskot, kan funksjonell hjernetrening hjelpe deg til å få mentalt overskot.

     

    Kurs og foredrag: 

     

     

    broken image

    Skarpe hjernar og overskot 

    Dykk ned i flytsona, forløys kreativiteten og bli betre på samarbeid!

     

    Dette kortkurset handlar om reaksjonsmønster, relasjonar og korleis vi gjer kvarandre gode, slik at vi kan trivast og lukkast i ein travel og krevjande kvardag. Vi kombinerer teori, praktiske øvingar og refleksjon for å verte meir bevisste og forstå korleis hjernen arbeider.

     

    Varigheit: 1,5 - 2 timar.

    Antal: 10 - 38.

    Tilpassast ulike målgrupper.  

    broken image

    Introduksjonsøkt

    Be om gratis introduksjonsøkt!

    Du får vite meir om kva funksjonell hjernetrening er og korleis det foregår.

    Varigheit: 45 minutt 

     

    Treninga bygger på teoriar om 4E-kognisjon innanfor hjerneforsking, motivasjonsteori og Carol Dwecks "Growth mindset".

     

    Kursa har ein progresjon slik at utfordringane og intensiteten aukar etter kvart. Slik trenar du heile tida på det nivået du har nådd og er trygg på. Musikk og rytme kan inngå i treninga.

     

    Treninga omfattar tre område:

     

    1. Fundamentet: Her trenar vi kognitive funksjonar og samanhanger som er grunnleggjande for korleis hjernen arbeider.

     

    2. Kvardagen: Det gjeld å få overskudd og energi, slik at du kan ta aktive val som gjer kvardagen betre, samstundes som vi utfordrar vanar og reaksjonsmønster som ikkje gjer godt.

     

    3. Arbeidsplassen/skulen/

    studiestaden: Dette handlar om å kunne møte  oppgåver og forventningar på ein måte som gjer at du lukkast og trivst.

     

     

     

    Sylvelin Hege Sevilhaug er sertifisert funksjonell hjernetrenar frå MindSocial som har utvikla metoden. Ho har bakgrunn som sivilingeniør og lektor.

    broken image

     

    Hald hjernen i form!

     

    Kurset er ein kombinasjon av teori, fysiske øvingar og refleksjonar som vil auka deltakarane si forståing avkorleis hjernen arbeider i samanhang med oppgåver og utfordringar vi møter.

     

    Vi vil jobbe med kropp, hjerne og omgjevnad gjennom kognitive oppgåver kombinert med rørsler, i tillegg til øvingar med pust, balanse og visualisering. Deltakarane vil verte utfordra og fullt fokuserte, samtidig som dei vil oppleve at det er leik, og forsvarsverket vert senka. Her er det greit å gjere feil utan å kjenne seg dum! Det handlar om tankesett og bevisstgjering, og deltakarane vil få oppleve at gode avleveringar er viktig.

     

    Bli med på å trene opp konsentrasjonen og bli meir uthaldande!

     

    Varigheit:

    10 gongar á 60 minutt.

    broken image
  • Legg til rette for læring!

    I undervisning kan det vera ei utfordring at deltakarane ikkje kan konsentrere seg og at dei gjev opp. Det kan vera vanskeleg å finne gode metodar for å trene elevane til å verta meir kreativite og uthaldande, samstundes som ein skaper eit miljø som gjer at deltakarane (óg dei flinke) vågar å ta sjansar og dermed risikere å gjera feil. Dette vil i sin tur fører til stress og at elevane ikkje får nytta potensialet dei har. Hjernetrening kan vera ein del av løysinga. Metoden går ut på å arbeide med hjerne, kropp og omgjevnad, i ein kombinasjon av kognitive og fysiske oppgåver. Elevane får trene konsentrasjon, kreativitet og øve seg i å halde ut, samtidig som dei får øvd seg i å få eit lærande tankesett. Deltakarane opplever aktivitetane som stor grad av leik, og dei får prøvd seg på å gjera feil i ein samanhang der dette er heilt greit og berre morosamt.

     

    I eit forenkla bilete kan vi sjå for oss at det i ein vaksen hjerne er ein kapasitet på 8 stolar i arbeidsminnet. Men det vil alltid vera noko som stel merksemda vår, anten det er lydar rundt oss, ei melding som plingar opp på PC’en eller svalten som gneg i magen.

     

    Om hjernen har vorte belasta p.g.a. stress, hjerneristing, depresjon eller anna, så kan det vera vanskeleg å filtrere vekk støy og forstyrringar. Då vil mange av stolane vera okkuperte av andre ting enn det vi ynskjer å konsentrere oss om. Det vert vanskeleg å konsentrere seg. Dette skuldast ikkje at hjernen er arbeidsky, men oppstår fordi hjernen freistar å halde på med for mykje informasjon på ein gong.

    Mange kjenner på hjernetrøyttleik, problem med å konsentrere seg, hugse, ta avgjerder... Då er det viktig å kunne kontrollere stolane. Men òg utan slike opplevingar kan ein trenge å auke overskotet. Med funksjonell hjernetrening er målet å få kontrollen over stolane slik at ein sjølv kan avgjere kva hjernekapasiteten skal vera oppteken av.

     

    • Kva tek merksemda di når du er på arbeid?
    • Har du tilgang til alle stolane når du er heime og ungane krev sitt?
    • Har du stolar nok til det du sjølv ynskjer å halde på med?