•  

     

    Opplevingar som engasjerer!

     

     

     

    Læringsglede

    Motivasjon

    Inspirasjon

     

     

     

     

     

  • Korleis oppsto Pagaj?

    Etter fleire år i metallurgisk industri som sivilingeniør, byrja grunnleggjaren av Pagaj, Sylvelin Hege Sevilhaug, å undervise på vidaregåande skule, mellom anna i matematikk. I undervisninga opplevde ho at mange elevar hadde problem med å konsentrere seg og at dei ga seg før dei fann løysingar på problem. Ho trengte gode metodar for å trene elevane til å verta meir kreativite og uthaldande. Dette førte ho inn på fagområdet pedagogisk nevrovitskap.

    Sevilhaug er óg musikkvitar og oppteken av kva musikk gjer med oss. Ho er mellom anna oppteken av korleis utøving av musikk påverkar hjernen, og korleis musikk verkar akutt inn på sinnstilstand og stressnivå. Ho jobbar med å bruke musikk aktivt som eit middel til å finne ro og konsentrasjon, gje auka trivsel og ny energi. Du kan lese meir om Sevilhaug her.

    Pagaj tyder toblada padleåre.

     

    Hos Pagaj finn du kurs og aktivitetar for inspirasjon, trivsel, læring og livskvalitet.

    Pagaj har tre grunnpilarar:

    Sylvelin Hege Sevilhaug
    broken image
    broken image

    Læring

    Musikkurs, instrumentlaging og pedagogiske escape-spel.

     

    broken image

    Musikk og kultur

    Song for stressreduksjon og avspenning.

    Musikk og naturvandringar.

    Forteljarkonsertar

     

    broken image

    Hjernetrening

    = Eit treningssenter for hjernen. 

    Øver merksemd og konsentrasjon.

     

    Aktuelt:

    SylveLine - Song og natur, Tonergarden, Nord-Odal, Noreg, 5. og 6. april 2025.

    Song, musikk og natur, Nestor, Melsomvik, 7.- 11. juli 2025.

    Escapespel - på forespurnad, ta kontakt for info.

    Tiljetoneturar (natur, kulturhistorie & musikk)- "Smak av Skottland" 15. oktober 2024. For meir info sjå Tiljetoner.no.

    Hjernetrening - gratis prøvetime. Bestill gjerne foredrag!

    Tidlegare:

    Lyden av seterliv - Tyrishølt, Valdres, 26. og 27. august 2024.

    Presthaugen, Lom, 3. august 2024, og Tyrsihølt, Valdres, 26. og 27. august 2024.

    Fredriksten, Halden, 26. oktober 2023.

    Tyrishølt, Valdres, 30. og 31. august 2023.  

    SylveLine: "So og ro, tipp på tå" - song og natur, Larvik, 7. og 8. september 2024.

    "Vintervila", Varmdö, Stockholm 2. og 3. desember 2023.

    "Høsttrøst", Oslo, 12. november 2023.

    "Høsttrøst", Stockholm, 19. og 20. november 2022.

    Tiljetoneturar 2024: "Tidsreise med Tiljetoner", 13. juni.

    Tiljetoneturar 2023: "Tiljetonetur til Hallesetra" 9. mai, "Forsommartur til Gopledal" 30. mai og "Tiljetonetur med smak av Skottland" 23. november.

    Lyden av seterliv: For skoleelever, Tyrsihølt 30. og 31. august 2023. For DNT Historiske vandringer 26. november 2023.

    Escapespel: "Bellman-spelet" for norske og danske ungdommar i regi av Foreningen Norden 13. april 2024.

    Hjernetrening: "Tren hjernen", Nevlunghavn gjestgiveri, 4. mai - 6. juni 2023.

  • Etter fleire år i metallurgisk industri som sivilingeniør, byrja grunnleggjaren av Pagaj, Sylvelin Hege Sevilhaug, å undervise på vidaregåande skule, mellom anna i matematikk. I undervisninga opplevde ho at mange elevar var lite uthaldande før dei gav opp, og dei hadde problem med å sjå moglege løysingar. Ho sleit med å finne gode metodar for å trene elevane til å verta meir kreativite og uthaldande. Det var dessutan utfordrande å skape eit miljø som gjorde at elevane (óg dei flinke) våga å ta sjansar og dermed risikere å gjera feil - noko som i sin tur fører til stress og at elevane ikkje får nytta potensialet dei har. Løysinga fann ho mellom anna i hjernetrening. Metoden går ut på å arbeide med hjerne, kropp og omgjevnad, i ein kombinasjon av kognitive og fysiske oppgåver. Elevane får trene konsentrasjon, kreativitet og øve seg i å halde ut, samtidig som dei får øvd seg i å få eit lærande tankesett. Deltakarane opplever aktivitetane som stor grad av leik, og dei får prøvd seg på å gjera feil i ein samanhang der dette er heilt greit og berre morosamt.

    Sevilhaug er óg musikkvitar og oppteken av kva musikk gjer med oss. Ho er mellom anna oppteken av korleis musikk kan gje akutt innverknad på sinnstilstand og stressnivå. Difor jobbar ho óg med å bruke musikk aktivt som eit middel til å finne ro og konsentrasjon, og dessutan få deltakarane til å kjenne seg betre og få ny energi. Du kan lese meir om Sylvelin Hege her.

    Pagaj tyder toblada padleåre.

  •  

     

    “Pagaj - hjelper deg framover”

    Berekraftsmål Pagaj jobbar for:

     

    3 God helse og livskvalitet. Bidra til auka trivsel og betre livskvalitet.

    4 God utdanning. Leggje til rette for læring og skape læringsglede.

    5 Likestilling mellom kjønna. Fremje likestilling.

    8 Anstendig arbeid og økonomisk vekst. Fremje kreativitet og innovasjon.

    11 Berekraftige byar og lokalsamfunn. Sikre kulturarv.